Veg-ingeniør – 100 % fast

Alver kommune
Published
9. april 2024
Location
Alver, Norway
Category
Job Type
Heltid  

Description

Eigdomdsforvaltning

Vil du vere med å bygge opp vegnettet i Alver kommune?

Veg-ingeniør - 100 % fast

Kort om stillinga

Vil du vere med å bygge opp vegnettet i Alver kommune? Avdeling for veg, samferdsel og VA har behov for ein veg-ingeniør som kan bli med på laget som forvaltar av dei kommunale vegane.  Du vil inngå i eit team som har ansvaret for å kontinuerleg oppgradere, utvide, og vedlikehalde over 330 km med kommunal veg, og du vil heile tida få utfordra deg på små og store prosjekt som må planleggast og realiserast.

Om Veg, samferdsle og VA

Alver kommune har over 330 km med kommunal veg, og vegforvaltninga har ansvaret for at vegnettet er trafikksikkert og held ein god standard. Vegnettet består av asfaltdekke, bruer, kaier, murer, tunnelar, skredutsette skråningar m.m. Det gjer at det er stor variasjon i kva som må prosjekterast til ein kvar tid. Du vil gå rett inn i prosjektering av vedlikehaldet av vegen, samt planlegging av trafikksikre løysingar. Om du er interessert i ulike vegtekniske løysingar vil du kunne bli utfordra på det meste langs våre vegar.

Som ingeniør i vegforvaltning vil du vere inne i private utbyggingsprosessar i kommunen og følgje opp at tekniske planar held krava som er satt i statens vegvesen sine handbøker. Samtidig vil du ha tett samarbeid og oppfølging av entreprenørar som gjennomfører utbygging på vegnettet i kommunen. Det fordrar synfaringar ute i felt som gjer at du ikkje alltid sitt inne på kontoret. Hjå oss vil du få ein variert arbeidskvardag, og det vil heile tida vere noko nytt og spennande å ta fatt i.

Arbeidsoppgåver i stillinga

  • Tekniske vurderingar og godkjenningar av planer som omhandlar veg
  • Kvalitetssikring av utbyggingsprosessar
  • Kontroll og oppfølging med utbyggjarar, både administrativt og ute på byggeplass
  • Planarbeid (temaplanar, vedlikehaldsplanar mm.)
  • Prosjekt – planlegging av vedlikehalds- og investeringsprosjekt
  • Tekniske spørsmål frå private utbyggjarar, næringsliv og innbyggjarar
  • Ansvar for sakshandsaming og vedtak knytt til veg-faget

Ønskt kompetanse

  • Ingeniørutdanning. Relevant erfaring vil bli vektlagt, og kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring med veg-tekniske løysingar
  • Erfaring innan utbygging og planlegging av offentleg infrastruktur
  • Kjennskap til offentleg forvaltning
  • Oversikt over faget når det gjeld formelle krav til planlagt og utført arbeid
  • Erfaring med CAD-programvare
  • Erfaring frå konsulentbransje

Personlege eigenskaper

  • Du er engasjert og sjølvgåande
  • Du er god til å kommunisere både skriftleg og munnleg
  • Du har eit godt humør
  • Du bidrar til godt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og på tvers av fagområde
  • Personlig egnethet vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein utviklande arbeidsplass i eit hektisk og godt arbeidsmiljø
  • Du vil få fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Lønn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Heimekontor etter avtale
  • Tilsetjingsvilkår etter lov - og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.

 

 

Kontaktpersonar:
Torkjell Holm Brenna
mob: +47 993 02 567

Bruk
Drop files here browse files ...
Captcha

Related Jobs

Veg-ingeniør – 100 % fast
Rull til toppen

Ved å besøke nettstedet vårt, godtar du vilkårene for personvern.

Vi bruker informasjonskapsler

For å kunne tilby deg som besøkende en best mulig opplevelse. Les mer om våre tilnærminger til informasjonskapsler >

Din integritet

Vi følger alle retningslinjene i henhold til GDPR og tar personvernet ditt veldig alvorlig. Les mer om hvordan vi sikrer personvernet ditt >

Are you sure you want to delete this file?
/