Rådgjevar byggjesak

Bykle kommune
Published
19. oktober 2022
Location
Bykle, Norway
Category
Job Type
Heltid  

Description

 

Vil du arbeide i den vakre norske fjellheimen?

Kunne du tenke deg å ha ditt daglege virke i ei dynamisk og pulserande eining i Bykle kommune? Planavdelinga søkjar no etter ny byggjesaksrådgjevar. I den stillinga får du sjansen til å vere heit sentral både i sakshandsaming men også opparbeiding og oppfylgjing av tilsyn etter plan- og bygningslova.

I planavdelinga i Bykle kommune får du høvet til å arbeide i eit engasjert og sterkt tverrfagleg miljø i relevant saksfelt. I tillegg får du oppleve det gode bygdelivet på toppen av Setesdal!

I Bykle kommune beløner me kreativitet, stå på- humør og positiv vilje - er det deg me er ute etter?

 

 

Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming og oppfølging av  byggjesaker
  • Publikumskontakt - rettleiing av søkjarar og partar i saker etter etter plan- og bygningslova
  • Førebuing og deltaking i politiske møte ved behov
  • Dispensasjonssaker i regulerte område
  • Tilsyn – byggjesaker
  • Tverrfagleg samarbeid i planavdelinga og med teknisk -drift og eigedom og andre
  • Deltaking i andre arbeidsoppgåver, prosjekt eller sakshandsaming som ligg til eininga
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
  • 3 år byggfagleg ingeniørutdanning eller annen relevant utdanning frå fagskule/høgskule eller universitet
  • God kjennskap til plan- og bygningslova
  • Røysle frå kommunal forvaltning /plan - og byggesaksfeltet er ønskjeleg
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
  • God IT- kompetanse
Personlege eigenskapar
  • Serviceinnstilt
  • Må kunne arbeide sjølvstendig, og ha evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • Uttrykkjer deg lett og godt både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Høve til avtale om heimekontor med nokre oppmøtedagar i Bykle
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

Krav om politiattest ved tilsetjing
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.

Bruk
Drop files here browse files ...
Captcha
Rådgjevar byggjesak
Rull til toppen

Ved å besøke nettstedet vårt, godtar du vilkårene for personvern.

Vi bruker informasjonskapsler

For å kunne tilby deg som besøkende en best mulig opplevelse. Les mer om våre tilnærminger til informasjonskapsler >

Din integritet

Vi følger alle retningslinjene i henhold til GDPR og tar personvernet ditt veldig alvorlig. Les mer om hvordan vi sikrer personvernet ditt >

Are you sure you want to delete this file?
/