
Ullensvang kommune
Description
Ledig stilling som rådgjevar byggesak 100 %
Stillingane ligg til verksemd for byggesak, kart og oppmåling. Verksemda er no slått saman med verksemd for landbruk og havbruk med felles leiar. Verksemda har i dag 13 tilsette, og det er kontorfasilitetar i Odda, Jondal og Kinsarvik. Ein vil vera fleksibel i høve til arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver:
Hovudmengda av arbeidet er knytt til sakshandsaming knytt til plan- og bygninglova og anna aktuelt lovverk. Dialog med innbyggjarane er også ein viktig del av arbeidet.
Ynskte kvalifikasjonar:
- Minimum 3- årig høgare relevant utdanning innan relevant fagkrets, td. ingeniør, jurist, arealplanleggar. Andre utdanningsretningar kan vurderast.
- Kjennskap/ erfaring til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda
- Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon. Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk.
Eigenskapar:
- Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av den nye kommunen
- Evne til å arbeida systematisk
- Gode gjennomføringsevner
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibilitet og positiv innstilling
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
- Løn etter avtale
- Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
100% stilling som rådgjevar ved Byggesak