Driftsingeniør innan vatn og ledningsnett

Sunnfjord kommune
Published
4. april 2023
Location
Sunnfjord, Norway
Category
Job Type
Heltid  

Description

 

Sunnfjord kommune Teknisk drift

Teknisk drift søker etter ny medarbeidar

Driftsingeniør innan vatn og ledningsnett

Teknisk drift er Sunnfjord kommune si tenesteining for kommunaltekniske tenester. Eininga har i dag 31 tilsette servicemedarbeidarar, fagarbeidarar og ingeniørar. I tillegg til dagleg drift og vedlikehald av kommunalteknisk infrastruktur, deltek vi også i mange store og spennande utviklings- og utbyggingsprosjekt. Arbeidsdagen er prega av hektisk aktivitet i eit humørfylt arbeidsmiljø, med faglege og praktiske utfordringar og utviklingsmoglegheiter.

Vi har følgande ledig stilling

Sunnfjord kommune har eit viktig samfunnsansvar for å ivareta sikker vassforsyning og eit godt drikkevatn, og har behov for å styrke bemanninga innan produksjon og leveranse for godt drikkevatn til våre innbyggarar.  Vi søker difor etter ein VA- ingeniør i 100 % fast stilling.

Arbeidsoppgåver er m.a.:

  • planlegging og saksbehandling
  • planlegging og koordinering av drifts- og vedlikehaldsarbeid
  • prosjektrelaterte oppgåver
  • gjennomføring av driftsmøter og koordineringsmøter internt og eksternt
  • VA-oppdatering med kvalitetssikring og vedlikehald av kommunens VA-database
  • kontroll, synfaring og kvalitetssikring av dokumentasjon
  • arbeid med grunnlag for planar innanfor VA-sektoren
  • arbeid med  beslutningsgrunnlag for ulike planprosessar for VA-sektoren
  • løpande VA-oppgåver og kundestøtte, tilgjengeleggjering av stadfesta informasjon for interne og eksterne brukarar
  • sørge for stabil drift og høg kvalitet på vårt drikkevatn
  • systemforvaltaroppgåver, knytt til drikkevatn og nye inovative løysingar
  • effektivisering og utvikling av våre arbeidsprosessar og digitale tenester
  • deltaking i fagforum innan VA-sektoren, opplæring/brukarstøtte og rådgjeving innanfor etaten VA/VA-felt. Informasjonshenting m.m. innanfor etatens sine GIS-system
  • aktivt samarbeid med andre interne og eksterne utviklingsteam
  • HMT

Du vil inngå i einingsleiar sin stab, saman med andre prosjektingeniørar. Utstrakt deltaking i eit tverrfagleg fagmiljø vil og være ein svært viktig del av stillinga. Andre oppgåver og funksjonar kan og bli lagt til stillinga ved endringar i organisasjonen.

Kvalifikasjonar:

  • relevant høgare utdanning på høgskulenivå, fortrinnsvis innan VA-teknikk og/eller anleggsteknikk
  • gode datakunnskapar
  • krav om førerkort klasse B / E
  • du har kjennskap til relevante lovverk innan faget
  • det er ønskeleg med planfaglig kunnskap

Relevant arbeidserfaring innan drift og vedlikehold av VA-anlegg, eller med plan- og prosjektarbeid innan VA, er ønskeleg. For søkarar med høg realkompetanse, kan utdanningskravet fråvikast. Det er ein fordel om du har erfaring med offentleg forvaltning og sakshandsaming. Relevant erfaring frå offentlig verksemd er ønskeleg, men nyutdanna kandidatar oppfordrast og til å søke

Personlige eigenskapar

Vi søker etter deg som:

  • likar utfordringar
  • trivast med samhandel på tvers av organisatoriske grenser
  • er kreativ, praktisk og løysningsorientert
  • er ansvarsbevisst, initiativrik og målretta - ein pådrivar for kvalitet og resultatoppnåing
  • er god til å kommunisere, skape tillit og bygge relasjonar både internt og eksternt
  • er sjølvstendig, fleksibel og omgjengeleg
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

Vi tilbyr:

  • gode lønns og arbeidsvilkår
  • faglege utfordringar, der du har høve til å kunne utvikle deg vidare i spennande prosjekt saman med dyktige medarbeidarar
  • aktivt fagnettverk
  • godt sosialt miljø og arbeidsmiljø
  • kompetanse- og personalutvikling
  • lønn etter kvalifikasjonar, god pensjons- og forsikringsordning

 


Kontaktpersonar:
Einingsleiar Leif Halvor Kårstad

mob: +47 959 80 989

Søknadsfrist:
30.04.2023

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

Bruk
Drop files here browse files ...
Captcha

Related Jobs

Driftsingeniør innan vatn og ledningsnett
Rull til toppen

Ved å besøke nettstedet vårt, godtar du vilkårene for personvern.

Vi bruker informasjonskapsler

For å kunne tilby deg som besøkende en best mulig opplevelse. Les mer om våre tilnærminger til informasjonskapsler >

Din integritet

Vi følger alle retningslinjene i henhold til GDPR og tar personvernet ditt veldig alvorlig. Les mer om hvordan vi sikrer personvernet ditt >

Are you sure you want to delete this file?
/